Nyheter

30.12.07 aarYnskjer alle eitt Godt Nytt år, og håper på mange fine sykkelturer.


28.12.07 Ren Idrett. Nyhetsbrev frå Antidoping Norge pdf


jul Ønsker alle ei God Jul. Det er berre å hive innpå ribbefeittet, trener det vel vekk likevel.


17.12.07 Nyheter frå Nibberittet 2008
I Geiranger lager dei no til 2 klasser ei eliteklasse og ei turklasse.Les meir på sidene til Nibberittet


04.12.07 Den som ikkje fikk plass i Birken for 2008, har kanskje gode muligheiter likevel. Dei vurderer no å arrangere eit ritt på fredag også. Det er ca 10 000 som står på venteliste, så der er sikkert en del som vil starte fredag også, så det er berre å fatte mot og fylgje med i spenning!!.


30.10.07 En kjedelig rekord vart satt i dag. Det tok ikkje meir enn 90 sekunder frå påmeldinga til Birken starta, og til det var fullt og meir enn det. Der er vel mellom 8 og 10 000 håpefulle syklister på venteliste. Ein skal egentlig ha litt flaks for å klare å melde seg på når det går så fort som det gjer. Å melde på fleire, må vel nesten være ei umuligheit. Ynskjer dei på venteliste lykke til, og minner om at det blir sikkert muligheiter utpå våren/sommeren 2008.


21.10.07 Vi endrer treningstidene og opplegget litte grann. No er det intervall trening på sykkel søndag klokka 19:00, og styrketrening onsdag klokka 20:30 på Stranda Treningssenter. Førstkomande onsdag er det meininga å teste makspuls. Dersom det er mange som møter opp, vil det ikkje bli mogleg for alle å ta denne testen onsdag, men det kjem fleire onsdagar! Gå inn på aktivitetssida, der finn du ein betegnelse av øvelsane og opplegget elles.


29.08.07 I dag var siste sykkelcup kvelden, før avslutninga på Alperittdagen. Sjølv om veret ikkje var av det beste, møtte det opp nesten 30 stykker. Det var egentlig ikkje så mykje regn medan det stod på, så det gikk bra. Då får vi håpe at det blir bedre ver på Alperittet, og ynskjer alle små og store velkomen til å delta eller sjå på.


25.08.07 Fjorårets vinnar av Alperittet Sykkel, Ole Kr. Silseth vart årets vinnar i si klasse i Birkebeinerrittet 2007, med tida 03:07:30. Beste strandaren under Birken var Paul Ivar Pedersen med tida 03:23:20. 10 av 12 strandarar klarte merket i år. Dette er sterkt! Det blir rapportert om en del motvind i år, så det virker ikkje som om det har vore eit lett ritt i år heller.
Resultatliste for strandarane på Birkebeinerrittet 2007 ser du her:

Namn Skramstadsætra Bringebusætra Kvarstadsætra Storåsen Sluttid Merketid
Paul Ivar Pedersen 00:29:50 01:03:50 01:52:54 02:42:30 03:23:20 03:52:15
Geir Verpeide 00:32:13 01:08:31 02:00:11 02:52:52 03:35:59 03:58:35
Sverre Hungnes 00:33:17 01:12:23 02:04:03 02:55:22 03:38:43 03:58:35
Roger Vangen 00:33:08 01:11:30 02:03:25 02:58:03 03:42:00 03:52:15
Tore Loe 00:32:04 01:09:19 02:02:28 02:59:10 03:42:49 04:15:53
Ingvar Ola Eliassen 00:33:23 01:12:29 02:05:00 02:59:33 03:43:12 03:52:15
Frank Orheim 00:33:57 01:12:02 02:07:11 03:01:50 03:45:03 03:52:15
Roar Wille 00:35:30 01:15:37 02:10:35 03:07:52 03:52:47 03:58:35
Johan Gardien 00:34:41 01:16:56 02:11:56 03:07:42 03:53:56 03:52:15
Knut Helge Opsvik 00:38:40 01:20:10 02:17:40 03:18:15 04:03:14 03:58:35
Tove Lersveen 00:40:36 01:24:13 02:26:59 03:31:10 04:20:49 04:43:32
Johnny Repvik 00:42:48 01:30:06 02:36:29 03:48:18 04:42:16 03:58:35


17.08.07 Torsdag var det klart for ei ny fellestrening. Vi hadde ei intervalltrening i deler av Alperittløypa. Vi starta med saga på Engeset, og framover og opp brattaste bakken. Vi var 12 stykker, så det var godt oppmøte. Etter intervall treninga, sykla enkelte fram til Liasætra, medan andre reiste heim. Det er gode veger i Alperittløypa no! Her er litt bilder frå treninga.


12.08.07 I dag hadde vi ein fin tur frå Hellesylt over Flofjellet og tilbake til Hellesylt. Turen var på 9.2 mil, og vi hadde ei effektiv sykkeltid på 4,5 timer. Vi brukte i underkant av 6 timer på turen. Litt regn og sol om ein annan, men fin temperatur. Vi hadde plass til mange fleire, vi var kun 5 stykker som sykla i dag. Neste og siste søndagsturen, er Alperittløypa 1. september. Alle som har lyst til å sykla saman med oss då er vekomne til det. Her er litt bildet frå dagens tur.


30.07.07 Endå eit "knehaud" tatt i doping i Tour de France. Håper dei får renska opp i alt rusket, slik at det blir likt for alle å stille opp i konkurranse. Det må no vere ganske kjipt å vinne, og samtidig vite at det var p.g.a. fjusk og fanteri. Regner med at(håper) alle norske som driv med sykling og anna idrett held seg for god til å drive med dette. Men det er vel aldri godt å vite, for det var vel så han sa gubben "det va nå dem kaillt før neger'n". Dopingmiddel "før i tida". God sykkeltur uten doping! mvh Tore


20.06.07 Nok eit godt oppmøte på sykkelcupen i kveld. Stranda Sykkelklubb arrangerer sykkelcup ved Stranda Ungdomsskule, der dei unge kan boltre seg i ei dugleiksløype, og ei litt lengre løype rundt i skuleområdet. Dette går over 4 arrangement, der det siste er på Alperitt Sykkel dagen. Det går litt livlig for seg innimellom. Det vart litt samanstøyt og skrubbsår, men heldigvis utan større problemer. Vi tok en del bilder (trudde eg), som eg tenkte eg skulle legge ut på sida. Når eg kom heim og skulle sjå på bilda, mangle det minnekort i kameraet, så bilde vart det ikkje denne gong. Vi får prøve igjen neste gong, og håper at det er mange som møter opp. Du fnn datoane under lenkja "aktiviteter".


16.06.07 Geiranger - fra fjord til fjell arrangerte nok ein gong eit flott arrangement. Det var eit strålande vær og flotte forhold. Til trass for at det var over 50% økning i Nibberittet, med 300 deltakarar, hadde arrangørane full kontroll. Det vart sett 5 løyperekorder og det var mange gode tider.
Beste strandaren var Eirik Helsem med racersykkel, på tida 1:23, og Paul Ivar Pedersen med terrengsykkel på tida 1:25. Tove Lersveen hadde beste tida i si klasse med tida 1:46. Eivind Græsdal - alpinisten, hadde ei kjempetid på 1:34. Stranda Sykkelklubb hadde 17 stk som deltok, og dei fleste hadde ei god oppleving, trur eg. Iallefall ei lita stund etter rittet!! Her kan du kan sjå resten av resultatlista.


10.06.07 Det var 7 stk. frå Stranda Sykkelklubb som deltok i Ekornesrittet i går 9. juni. Raskaste strandaren var Paul Ivar med tida 1:38.48. Nokre hadde problemer med bremsene og nokre med punktering. Ei lita oversikt ser du her:

Ekornesrittet 2007

Terrengritt

Arrangør

SYKKYLVEN SYKKELKLUBB

Sted

SYKKYLVEN

Dato

09.06.2007

Plas

Navn

Klubb

Tid

 

Totalt

Diff.

Gutar 16-19

 

GRÆSDAL Eivind

1:54.42

Menn 30-39

 

KARLSTRØM Bård Olav

1:33.36

Menn 40-49

 

PEDERSEN Paul Ivar

1:38.48

 

VERPEIDE Geir

1:46.07

07.59

 

ORHEIM Frank

1:51.02

12.54

 

HUNGNES Sverre

1:54.40

15.92

Menn 50-59

 

LOE Tore

2:06.59

Kvinner 40-49

 

LERSVEEN Tove

2:11.03

Alge Timing Norge AS

Tlf: 5652 9820

Resultatservice: ALGE-Alpin

Postboks 371

Fax: 5652 9821

5702 VOSS

E-post: salg@alge-timing.no


07.06.07 Her er litt bilder frå sykkelcupen


06.06.07 I dag hadde vi den fyrste av 4 Sykkelcup kvelder. Det var god oppslutning av sykkeinteresserte barn og unge. Vi laga til ei dugleiksløype på skuleplassen ved Stranda Ungdomsskule. Der kunne alle sykle mellom kjegler og diverse hinder. Det vart no litt knall og fall, men ikkje verre enn det gikk bra. Litt plaster på såret ordna det meste. Når dei fleste var godt i gong på kryss og tvers, sendte vi dei eldste avgarde i løypa som gikk frå skuleplassen - ned til grusbana - ut på gangvegen - opp på framsida av Ungdomsskulen - bort til vidaregåande - rundt den og på nedsida - og bort til ungdomsskulen igjen. Vi sendte dei litt yngre avgarde etterkvart. Trur det var ei populær løype, som ikkje var alt for krevjande. Fleire av syklistane sykla løypa både 6 og 7 gongar, og i den varmen som var, vart dei gode og varme. Det vart utdelt kald drikke etterkvart som dei kom i mål.
Sjølv om det vart utdelt drikke, kan det lønne seg å ha ei drikkeflaske på sykkelen, iallefall når det er så varmt som no!
Vel møtt neste gong, som er den 20. juni. Kom tilbake om en dag eller to, og du vil finne litt bilete her.


04.06.07 Sykkelklubben hadde ein kjempefin tur til Hustadvika i helga. Vi starta laurdagsmorgon med bil til Vestnes, og derfrå tok vi syklane fatt. Vi hadde med en følgebil i tilfelle ett eller anna, samt frakt av bagasje. Været vart finare og finare etterkvart som vi sykla. Turen gikk veldig greit utan nevneverdige problem. Vi tok oss god tid, stoppa litt undervegs og fyllte opp lagra litt. Utan mat og drikke, duger ............ når vi kom fram til Hustadvika var det klart for grilling, og enda seinare på kvelden hadde jentutten laga bacalao, så det var ingenting som stod på. Vi fikk tilogmed med oss fotballkampen. Søndag morgon sykla nokon til Atlanterhavsvegen, og nokon til Farstad, før turen starta mot Molde igjen. Vi møttes alle i hop på Skaret, og tok en en liten rast der også. Alle var samde om att det var ein gjev tur. Sjå bilder her


27.05.07 Sykla Alperittløypa i dag. Den er tørr og fin heile vegen. Det var litt vått og glatt ned frå Hevsdalen til Furset, men dette tørker fort opp. Litt laust underlag frå "Øybakken" og ned til asfalten. Vinteren har fart fint med løypa, det er ingen problemer med vegane, så det er berre å sette i gang å trene på Alperitt løypa. God tur !


16.05.07 I dag onsdag var det tid for intervalltrening igjen. Vi flytta treninga til onsdag p.g.a. 17.mai. Vi møttes på Esso klokka 18:00, og sykla rolig fram til Engeset, og ned igjen til bedehuset på Furset, der vi sykla intervall framover igjen. Etter dette var det rolig sykling ned på Esso igjen. Vi var 13 stykker som møtte opp i dag. I morgon er det klart for is og brus


14.05.07 Vi flytter fellestreninga frå torsdag til onsdag p.g.a. 17.mai. Denne onsdagen er det klart for intervalltrening. Oppvarminga starter frå Esso klokka 18:00, fram til Furset/Engeset, og så tar vi intervall på Furset som sist! Vel møtt!


10.05.07 I dag var klart for ei styrketrening på sykkel. Det ser ut til at det er god interesse for måten desse treningane blir organisert på. Vi var 14 stykker som møtte på Esso, og det må vel seiast å være eit godt oppmøte. Vi hadde en liten oppvarmingsrunde, før vi sykla styrketråkk frå skulen og oppover fjellvegen eit stykke. Etter at vi sykla oss ned fram til Korsbakken og ned igjen til Esso, vart det tid til ein liten sykkelprat før vi reiste heim igjen. Det vart fort kaldt etter at man først har vore svett.


08.05.07 På torsdag er det igjen klart for fellestrening. Denne torsdagen er det meininga å sykle styrketråkk. Vi møter opp på Esso klokka 18:00. Etter at vi har sykla en oppvarmingsrunde/teknikkrunde om Svingen/Storgjerde/Kjølen, tar vi styrketråkken på Furset. Vel møtt!


03.05.07 Betre ordning på fellestreningane torsdagane? Etter ein framifrå ide av Paul Ivar, der vi prøver å trene intervall eller styrketråkk under kyndig veiledning, og råd og tips frå kvar enkelt med erfaring, så kan vel dette være en god måte å nytte fellestreningane på. Det er fleire som likar å sykle kvar for seg i sitt tempo, og då er det ikkje alltid det er så aktuelt å være med på fellestreningane som dei var, men no kan vi være i lag alle saman, samtidig som kvar enkelt er på sitt nivå, kanskje litt oppmuntra frå dei rundt ein! God trening og møt opp torsdagane!!


29.04.07 Årets fyrste søndagstur for sykkelklubben var i dag. Turen starta på Strandafjellet, slik at den som ville kunne velje om dei ville køyre eller sykle på fjellet. Vi sykla om Ramstaddalen, vegane her var tørre og fine, litt stor grus her og der, men det gikk veldig greit, så til Aure, over brua til Ikornnes, og vidare innover mot Stranda igjen. Vi sykla på bortsida av Fetvatnet. Vi sykla i passande tempo, slik at alle hang med. Som vanleg spreidde feltet seg når vi begynte på Myrdalen. Vi brukte i underkant av 4 timer på turen. Takk for turen!


 24.04.07 Vi flytter tirsdagstrimmen til torsdagane. Dette fordi det kolliderer med en del andre arrangement. Altså frå Esso klokka 18:00 på torsdagane.

18.04.07 Sykkelklubbane i distiktet har fått eit tilbod frå G-Sport Moa.


18.04.07 Frå "gamalt" av har klubben dekka en del av transportkostnadane til "Birken",men for å gjere det meir rettferdig for alle, dekker vi no kun startkontigent opptil Kr. 400,-. Du kan lese meir på sida "omOss".


12.04.07 Sykkelklubben har tenkt å organisere ein del lengre turar. Enten som treningsturar eller familieturar.
Dette er stort sett søndagsturer, og den fyrste starter 29.04. Nærare detaljer når tida nærmar seg. Turane finn du under aktiviteter.
For dei yngste er Stranda Cup sykkel, som du også finn under aktiviteter. Stranda Cup starter 30.05. 


12.04.07 No må vel våren begynne å nærme seg! Den har vel vore her og reist igjen, slik at mange av oss har fått prøve sykkelen. Då er det kanskje på tide å finjustere sykkelen. Frå det suverene magasinet Stayer, har vi fått låne en reportasje om akkurat det. Les meir om det her


10.03.07 I mylderet av blad og magasin, har det dukka opp eit nytt blad om heiter Stayer. Dette er eit blad som omtaler sykling,springing og langrenn. Dette er vel midt i blinken for ein del. Er du interessert i å abonnere på dette bladet, kan du gjere det gjennom denne annonsa og samtidig støtte klubben din.


04.03.07 Sykkelklubben gjentek fjorårets suksess med voksentur.Vi vil ta turen til Hustadvika Gjestegård. Les meir her