14.09.09
Har lagt ut litt bilder frå Alperittet Sykkel 2009. Er det nokon som har bilder å dele med oss, så tek vi gjerne i mot det! Bilder her


06.09.09
Ny rekord i Alperittet Sykkel.
Hallvar Barlaup frå Molde sykla inn til ny rekord på laurdag med tida 1:26:21, og med Vegard Eliassen frå Molde/Stranda med tida 1:26:23. Meget sterkt.
Det vart en sånn passe deltagelse i år med ca 75-80 påmeldte. Det var ca 70 som starta. Sjøl om det har vore en del regn i det siste, så holdt løypa seg bra iflg. deltagarane. Resultata kan du sjå på her

Tusen takk til alle som stilt opp og hjelpte til!!


04.09.09
I morgon er det klart for Alperittet Sykkel. Vi ønsker alle syklister velkommen til Stranda og Strandadagane. Det ser ut til at været blir bra også, så dette blir bra!

Det er berre å melde seg på!


16.08.09
Då er det første arrangementet frå Cykelvasan gjennomført. Dei 4 frå Stranda er komt i mål på gode tider. 3,5 - 4 timer, og det er no greit det på 90 km! Resultata kan du søke deg fram til her.


16.08.09
Det er stor aktivitet for sykkel for tida, som forventa! I dag søndag er det klart for sykkelcup for ungane ved kulturhuset kl. 17:00, så vi satser på at været held seg nokonlunde bra. Dette er nest siste gongen, og sykkelcupen blir avslutta på Alperittet Sykkel dagen 5. september.

Sogn CK, Førde CK og Dale IL-sykkel, inviterer til Gaularfjellrittet søndag 23. August kl. 1300. Dette er eit nytt ritt som kan være spennande å være med på. Sjå meir her dcf

Sykkylven Sykkelklubb arrangerer også ritt neste helg. Viss du ser på sida deira, så har du en fin sjans til å finne ut kor lang tid du kjem til å bruke på "Birken". Les her


15.08.09
For første gong blir Cykelvasan arrangert. Det er ett sykkelritt i spora til Vasaloppet, og er på ca. 9 mil. Rittet er på søndag, og det er 4 stykk fra Stranda Sykkelklubb som reiser dit. Vi ønsker dei god tur!
Les meir her


07.08.09
Er det nokon om er interessert i en lang og rolig sykkeltur helga før ”Birken”?
Det er planer om å sykle frå Strandafjellet til Hundeidvik. Sykle frå Festøy over Standalseidet-->Sæbø-->Norangsdalen og til Hellesylt.
Det blir start på Strandafjellet søndag 23.08 klokka 09:30, då rekk vi ei ferge som går klokka 11:10 frå Hundeidvik.
Den som er interessert kan ta kontakt med Per Wille 95707195.


28.07.09
Då er det berre få dager igjen til Aursjørittet som blir arrangert laurdag 1. august. Ønsker god sykkeltur til dei som skal være med der!


06.07.09
Minner om rittet i Molde til helga, 11 juli. Les meir om Molde Challenge her


01.07.09
Minner om Trollstigrittet til helga. Påmeldingsfrist fredag 3.7. Les meir


23.06.09
I helga hadde sykkelklubben en fin fin tur til Aukra. Kjempevèr heile helga. Det var kanskje ikkje så høge temperaturer, men fint å sykle. Flatt og fint stort sett heile turen. Laurdagskvelden gikk med til grilling, og vi hadde en utmerket grillmester, så det var ingen ting å sei på maten. Vi var 13 stk, og trur alle var like fornøgd. Vi har litt bilder frå turen!


13.06.09
Då var Nibberittet over for denne gong. Vi var egentlig heldig med været. Det var en heilt grei temperatur å sykle i og vegane var bra. Sjøl oppe i grusvegane var forholda bra! Men likevel, den som slo sin egen rekord i dag, kan være skikkelig fornøgd. Det var mange som brukte litt lengre tid enn f.eks i fjor.
Raskaste strandaren i år var Eivind Græsdal med tida 1:27:14, neste mann vart Johan gardien med tida 1:28:03. Du kan sjå resultatlista her cdd


12.06.09
Då er det snart klart for årets Nibberitt.
Vi reiser en delegasjon frå Stranda i morgon. Værmeldingane er vel ikkje dei beste, men vi får satse på at det går greit både opp og ned.

Lykke til både springarar og syklarar!!


07.06.09
Nok ein sykkelcup vart arrangert i dag. Det var ikkje så veldig mange som var med, men vi håper at fleire kan stille seinare. Det er 4 cup'er og vi har hatt 2 no, og dei to siste blir etter ferien. Det er 17. august og den siste er på Alperittet Sykkel dagen 5. september.

Her kan du sjå litt bilder frå søndag 7. juni


06.06.09
Sykkylven Sykkelklubb arrangerte Ekornesrittet i dag. Det var 5 deltagerer frå Stranda Sykkelklubb, og Geir Verpeide var den raskaste av dei, og han vann også klassa 50-59 år. Den raskaste rytteren totalt vart Martin Notøy Nevstad, frå Ulstein og Omegn Sykkelklubb. Du finn resultatlista her gra


04.06.09
For opplysninger ang. Aukra turen sjå her. Påmeldingsfristen er torsdag 11. juni.


27.05.09
Nok en langtur i helga? Søndag blir det tur. Enkelte syklister vurderer å sykle en langtur søndag. Planen er å starte på Sjøholt klokka 12:00, til Tresfjord via Vaksvikfjellet, Fiksdal, Nakkedalen, Vatne, Tennfjord, Ellingsøy og Solnørdal. Dersom du har tenkt å bli med, kan du kontakte Geir v på mob.41297655


24.05.09
Så var det Sykkelcupen sin tur! Sykkelklubben arrangerte sykkelcup i sentrum i dag søndag. Det var ikkje så veldig mange som deltok, ca 20-25 stk. Håper det blir fleire neste gong, når det er fleire som veit om det.
Under aktivitetssida står datoer for når sykkelcupen blir arrangert. Vi har nokre få bilder her.


22.05.09
Minner om fellestur på søndag 24.05. Turen starter frå Esso klokka 09:00. Vi køyrer med bil til Ørsneset, og tar ferge klokka 09:50. Turen går til Spjelkavik, Olsvika,Tennfjorden, Engesetdalen, Skodje og tilbake til Magerholm. Det blir sykling i rolig tempo.

Kontaktperson er Geir Verpeide mob.41297655


18.05
Då er det snart klart for Sykkelcup 2009
.

Datoane for sykkelcupen 2009 blir:
Søndag 24.05, Søndag 07.06, Søndag 17.08 og avslutninga er Alperittlaurdagen 05.09.
Oppmøte ved Kulturhuset klokka 17:00!


17.05.09

dff Gratulerer med dagen !!


16.05.09 Storsatsing på Strandafjellet

Strandafjellet har bestemt seg for å satse skikkelig på opprustning. Opprusting av eksisterande varmestove, bygge nytt serviceanlegg på toppen av den nye stolheisa som kjem ved inngangen til langedalen. Håper og trur dette blir bra !Les kva Sunnmøringen skriv.


07.05.09 Til helga er det klart for TIL rittet. Du kan lese meir om det her.


07.05.09
Her er litt fleire bilder frå Tour of Norway


06.05.09
dfdf

I går vart Tour of Norway for Kids arrangert på Stranda. Til tross for att vergudane gjorde sitt beste for att vi ikkje skulle trivast, så var det heile 150 unge syklister som deltok, og det er veldig bra! Løypa vart konsentrert om området rundt Kulturhuset og øyna, så det var aktivitet i nærleiken heile tida.

Alle som deltok fikk kvar si T-skjorte, og nokre fikk flotte sykkeltrøye som vart uttrekt etter startnummer. Den aller heldigaste var kanskje Ole Andreas Opshaug, som vann seg en heilt ny sykkel.


27.04.09
Årets sosialtur
går i år til Aukra. Du kan lese meir om den på linken til høgre, og ellers er det berre å ta kontakt med Geir v dersom det er spørsmål til denne turen.


26.04.09

dff
Vi begynner å nærme oss arrangementet av Tour of Norway for Kids. Vi får satse på at det blir ei god samanslutning om dette. Du kan melde deg på via nettet www.tourkids.no , eller du kan melde deg på i sentrum ca. 1 time før start. Klikk på bildet for meir info.


26.04.09
I går vart Ulsteinrittet arrangert, og Stranda Sykkelklubb stilte med 2 deltagere. Det var Geir Verpeide og Eirik Andre Helsem. Det vart hhv 2. og 1. plass. Vi gratulerer!!


26.04.09
Søndag 3. mai skal sykkelklubben ha en tur til Runde. Les meir her

18.04.09
Den som har/hadde planer om å delta på Nibberittet i år, er litt seint ute. Dei aldersbestemte klassene er fulltegna (350 stk), men dersom du har aktiv lisens (noko som du kan ordne via klubben din), kan du delta i NM klassa. Får håpe dei som ønsker det får anledning til å sykle til Dalsnibba i år også.


16.04.09 Den som har tenkt å delta i Ulsteinrittet 25. april, kan ta kontakt med Geir Verpeide.

Du kan lese meir om Ulsteinrittet og oppdateringer som dei har gjort.


11.03.09 I løpet av våren skal Stranda Sykkelklubb arrangere Tour of Norway for Kids. Dette blir arrangert 5. mai, og vi håper det er mange som kan delta på dette. Samtidig så starter vi årets sykkelcup. Dette blir på ungdomsskulen, slik vi har gjort dette tidligare.

Vi vil også prøve å få i gang ein mekkekveld for interesserte. Her kan det være ein del småtriks å fange opp kanskje.

Vi har satt opp en del aktiviteter for sesongen 2009, og dette finn du under linken aktiviteter.


04.03.09 No nærmer våren seg fort. I går vart det observert syklister ute, så det er ett godt tegn. Den som skal ha aktiv lisens må ta kontakt med sykkelklubben, slik at vi kan ordne dette.
Giroer for medlemsavgifta blir sendt ut med det første. Medlemsavgifta er uendra i forhold til i fjor.

Vil ønske alle en god sykkelsesong!!


02.02.09 I går hadde vi årsmøte i sykkelklubben, og det var heile 7stykker som møtte opp. Kjempebra! Det vart ikkje store endringane i bestemmelsane. Det meste vart vel uendra. Paul Ivar vart valgt til ny leiar. Stranda Sykkelklubb har registrert seg i Frivillighetsregisteret, og det betyr at når du tipper i Norsk Tipping, kan du bestemme att f.eks Stranda Sykkelklubb kan få en form for tippemidler.


20.01.09 Årsmøte blir halde på Stranda Vidaregåande skule 1. februar klokka 20:00

Vel møtt


16.01.09 No er det nytt år og klart for nye utfordringer.

Har du lyst å slite litt i sommer? 6-dagers rittet kan du lese meir om her